ID 2300 Helsefagarbeidar - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeider, assistent
Frist
23.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som likar å arbeide på natt, er motivert, har brukarfokus og er trygg i arbeidet ditt.

Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på natt, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.

**Det er ledig fast 80% stilling for autorisert helsefagarbeidar på natt, frå 19.05.25.**Stillinga kan aukast opp til 100% gjennom arbeid i ressursteamet.

Avdelinga har årsturnus, og ledig stilling har arbeid i snitt kvar tredje helg.

Arbeids- og ansvarsområde:

  • Bistå brukar, gjennomføre tiltak, ivareta funksjonar

  • Bruke kommunikasjonsverktøy

  • Legemiddelhandtering

  • Dokumentasjon gjennom fagsystem

Kvalifikasjonskrav:

  • Autorisert helsefagarbeidar. Assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar med relevant erfaring kan og bli vurdert til stillinga.

  • Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg

  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

  • Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktperson: Avdelingsleiar Tonje Halstensen Brørvik, tlf 984 74 607 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
396149048
Sist endret
03. mars 2025 12:27