Fagarbeidarar i skulen

Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur, Sande kommune
Stillingstittel
Fagarbeidar i skulen
Frist
20.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sande kommune søker fagarbeidarar i skulen frå og med 01.08.2025. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya. P.t er det ledig stilling ved Gursken skule, men det kan verte aktuelt fleire stadar. Du vert tilsett i Sande kommune og det kan vere mogleg å endre arbeidsstad frå eit år til anna. 

Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg.


Arbeidsoppgåver

  • Støtte og motivere elevane i undervisning
  • Støtte og hjelpe elevane i sosiale aktivitetar
  • Legge til rette for leik, kultur og aktivitet med utgangspunkt i borna/ungdomane sin alder, funksjon og interesser
  • Følge opp orden, rutinar og planar
  • Andre praktiske førefallande oppgåver som til dømes vakt i friminutt, og i samband med skulefritidsordninga

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne-og ungdomsarbeidar eller liknande
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskapar
  • Grunnleggande IKT-kompetanse
  • Kjennskap til Vigilo (administrasjonssystemet) er ønskeleg
  • Politiattest må leverast ved tiltreding

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollega. Du som søkjer må difor:

  • ha evne til å bygge relasjonar, med både born, ungdom og vaksne
  • vere sjølvstendig
  • ha ei positiv haldningar og eit godt humør
  • vere løysningsorientert
  • ha gode samarbeidsevner
  • vere en god rollemodell

Vi tilbyr

  • Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
  • Gode pensjonsordningar  
  • Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
  • Ein variert og spennande arbeidskvardag
  • Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling

Kontaktinformasjon

Marianne Solbjørg Ose, Einingsleiar Gursken oppvekstsenter, 99239125

Odd Gunnar Myhre, kommunalsjef oppvekst og kultur, +47 90195701

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune


Referansenr.: 4929797250

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
6082 Gursken
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
396153261
Sist endret
04. mars 2025 10:00