
Ledige stillingar innan oppvekst
- Arbeidsgiver
- Bremanger kommune
- Stillingstittel
- Ledige stillingar innan oppvekst
- Frist
- 01.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Velkommen til Bremanger kommune - Leve, virke, nyte - heile livet!
Bremanger kommune har 2 barneskular og tre 1-10 skular. Våre skular og barnehagar er organisert saman i oppvekstsentera. Alle oppvekstsentera i Bremanger kommune jobbar etter PALS-modellen, og den er grunnpilaren i alt arbeidet vi gjer.
Sidan 2019 har vi arbeidd målretta med trygt og godt skule- og barnehagemiljø, både gjennom Utdanningsdirektoratet si nasjonale kompetanseutvikling Inkluderande barnehage- og skulemiljø, IBOS og gjennom kompetanseløftet for trygt og godt miljø i samarbeid med Læringsmiljøsenteret (UiS).
Overordna mål er å vidareutvikle god praksis innan arbeidet med trygt og godt barnehage- og skulemiljø.
Det vil vere både faste stillingar og vikariat. Søkjarar vert oppmoda om å prioritere arbeidsstad i søknaden.
Aktuelle arbeidsstadar:
Svelgen oppvekst
Svelgen oppvekst, skule, er ein 1 – 10 skule. Svelgen oppvekst har to barnehagar. Langeneset barnehage er ein småbarnsbarnehage og er lokalisert i Langeneset. Svelgen barnehage er storbarnsbarnehage og er samlokalisert med Svelgen skule, sentralt i Svelgen.
Svelgen oppvekst søkjer etter:
- Driftssjef i 100% fast stilling
Som driftssjef ved Svelgen oppvekst vil du ha det overordna ansvaret for Langeneset barnehage, Svelgen barnehage og Svelgen skule. Svelgen skule, er ein 1-10 skule med 120 elevar, SFO og 30 tilsette.
- 3 barnehagelærarar i 100% faste stillingar
- inntil 2 lærarar i 100% faste stillingar på ungdomsskulen. Primært kroppsøving, norsk, engelsk og matematikk
- 1 vernepleiar/spesialpedagog i 100% fast stilling i skule
Hauge oppvekst
Hauge oppvekst, skule, er ein 1 – 10 skule. Stasjonen barnehage ligg i eige bygg om lag 100 meter aust for oppvekstsenteret.
Hauge oppvekst søkjer etter:
- 1 lærar i 100% fast stilling
- 1 lærar i 100% årsvikariat
Davik oppvekst
Davik oppvekst, skule, er ein 1 – 10 skule. Davik oppvekst har to avdelingar i barnehage, fordelt på Davik barnehage og Kolset barnehage.
Davik barnehage er samlokalisert med Davik skule medan Kolset barnehage ligg på Kolset.
Davik oppvekst søkjer etter:
- inntil 2 lærarar i 100% faste stillingar
- 1 vernepleiar i 100% fast stilling
Kalvåg oppvekst
Kalvåg oppvekst, Frøyen skule, er ein 1 – 7 skule. Kalvåg barnehage er samlokalisert med Frøyen skule sentralt i Kalvåg.
Kalvåg oppvekst søkjer etter:
- inntil 2 barnehagelærarar i 100% faste stillingar
- 1 lærar/spesialpedagog/vernepleiar i 100% fast stilling
Ålfoten oppvekstsenter
Ålfoten oppvekstsenter, skule, er ein 1 – 7 skule. Ålfoten barnehage er samlokalisert med skulen på oppvekstsenteret.
Ålfoten oppvekstsenter søkjer etter:
- 1 assistent i 100% årsvikariat, frå 01.08.25-31.07.26, avdeling barnehage
Kvalifikasjonar
Driftssjef ved Svelgen oppvekst
- Pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitet, minimum bachelorgrad
- Erfaring som skuleleiar/barnehageleiar eller minimum 3 års undervisning/pedagogisk erfaring
- Erfaring frå og kunnskap om offentleg forvaltning
- Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk, både munnleg og skriftleg
- Opptatt av gode resultat knytt til elevane si faglege og sosiale læring
Barnehagelærar
- Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Lærar
- Godkjend pedagogisk utdanning for arbeid som grunnskulelærar 1.-7. eller 5.-10. eller faglærarar. Det er viktig med basisfag og krav om formell kompetanse
- Digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Vernepleiar
- Godkjend vernepleiarutdanning
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode norsk-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Høg relasjonell kompetanse med gode samarbeids- og formidlingsevner
- Positiv, engasjert og høgt motivert
- Bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt
Driftssjef ved Svelgen oppvekst
- Resultat- og utviklingsorientert, innovativ, engasjert, synleg og tillitsvekkande
- Ha gode samarbeidsevner og evne til «å gjere andre gode»
- Ha arbeidsglede og godt humør
- Ha god rolleforståing
- Vere sjølvstendig, trygg og løysingsorientert
- Vere strukturert og ryddig
- Evne til å prioritere mellom mange oppgåver
- Vere utadretta og god til å bygge relasjonar
- Ha gode gjennomføringsevner
- Vere særleg opptatt av elevane sin trivsel
Vi tilbyr
- Bremanger kommune har mange attraktive ordningar for nytilsette og tilflyttarar. Sjå alle ordningane her
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Gro Bakke Abildsnes, Kommunalsjef oppvekst, kultur og fritid, +47 97167462, gro.bakke.abildsnes@bremanger.kommune.noIngrid Leite Loftheim, Driftssjef Svelgen oppvekst, 46806321, ingrid.loftheim@bremanger.kommune.no
Kåre Magne Moe, Driftssjef Hauge oppvekst, 95982948, kare.magne.moe@bremanger.kommune.no
Helge Bakke, Driftssjef Davik oppvekst, 95985264, helge.bakke@bremanger.kommune.no
Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef Kalvåg oppvekst, 95982985, dag.magne.nigardsoy@bremanger.kommune.no
Eldbjørg Aske Myklebust, Driftssjef Ålfoten oppvekstsenter, 95985266, eldbjorg.aske.myklebust@bremanger.kommune.no
Arbeidsstad
6723 Bremanger kommune
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4931706510
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2025
- Antall stillinger
- 11
- Sted
- 6723 Svelgen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 396285481
- Sist endret
- 13. mars 2025 08:42
Mer som dette
