Gloppen Hotell søkjer restaurantsjef med hjarte for godt vertskap

Arbeidsgiver
Gloppen Hotell
Stillingstittel
Gloppen Hotell søker restaurantsjef med hjarte for godt vertskap
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere vår restaurantsjef?

Vi søker ditt smil og hjelpande hender. Gloppen Hotell er kjent for sin gode mat, avkoblande omgjevingar og personlege service. Vi ønsker at våre gjestar skal oppleve godfølelsen hos oss. Som restaurantsjef er du sentral i gjesteopplevinga og som formidler av hotellet sine fine historier. Du liker å vere blant gjester, ønskjer å ta ansvar for å leie og inspirere teamet til å levere service på eit høgt nivå. Du har lidenskap for mat, øl og vin, og du deler med glede av din kunnskap og erfaring. Du vil vere ein sentral person i kommunikasjon mellom avdelingane.

Vi ser etter deg som er positiv, entusiastisk og engasjert, og som har ambisjoner på vegne av deg sjølv og Gloppen Hotell. Det er viktig at du kan stå bak filosofien vår og at fokuset på så bærekraftig drift som mogleg alltid er med deg. Du er servicebevisst, har god formidlingsevne og er glad i kontakt med gjestene.

Vi søker deg som:

  • likar å vere der det skjer og er fleksibel.

  • brenn for godt vertskap og blir motivert av gode tilbakemeldingar.

  • trivast med å ha mykje å gjere heller enn lite, men er kreativ i stille periodar.

  • er ein lagspelar, men kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.

  • er god til å kommunisere skriftleg og munnleg, både på skandinavisk og engelsk.

Vi tilbyr deg:

  • ei spennande stilling med ansvar, utfordingar og flotte kollegaer.

  • sommelierutdanning til den rette kandidaten.

  • medlemsfordelar i kjeden, Classic Norway Hotels.

  • eit kvardagsliv i vakre Gloppen.

  • deltaktig i vidareutvikling av hotellet.

  • å bli del av eit hotell-team som har fokus på å spele kvarandre gode.

Dette er ein arbeidsplass der du kan vokse og utvikle deg. Det er ein fordel med tidligare erfaring og at du har jobba i restaurant eller hotell tidlegare.

Vi ser etter deg som er nøyaktig og har auge for detaljar. Du er allsidig og kan halde i fleire oppgåver, og du ser verdien av god, tydeleg og effektiv kommunikasjon med team og kollegaer i alle ledd. Vi kan tilby eit fint arbeidsmiljø med gode verdiar, der du vil ta del i varierte arbeidsoppgåver og få stor tillit. Det er ei forutsetning at du ynsker å handtere ei arbeidsfordeling mellom operativt og administrativt arbeid.

Kan du tenke deg å jobbe hos oss? Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Smil frå team-Gloppen Hotell :)

Sektor
Privat
Sted
Sørstrandsvegen 16, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Ledelse
FINN-kode
396307221
Sist endret
04. mars 2025 01:07