Avdelingsleiar Heimebasert omsorg 100%

Arbeidsgiver
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar Heimebasert omsorg 100%
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vanylven kommune har ledig 100 % fast stilling som avdelingsleiar i heimebasert omsorg.
Heimebasert omsorg i Vanylven kommune tilbyr tenestar som gir pleie, omsorg og behandling til personar som bur i eigen heim. Målet er å yte hjelp til enkeltpersonar og familiar i situasjonar der personane sjølv ikkje kan ivareta si eiga helse. 

Heimebasert omsorg har gjennomført eit større endrings- og omstillingsarbeid for å imøtekome behov for framtidas helsetenestar. Avdelinga har god fagleg kompetanse og dedikerte medarbeidarar som bidreg til gode tenester og eit godt og inkluderande arbeidsmiljø. Som leiar blir du eit viktig bindeledd for nettopp dette. Du får moglegheit for å bidra til produktive og effektive helsetenester til innbyggarane i kommunen. 


Arbeidsoppgåver

Avdelingsleiar skal ha det faglege og administrative ansvaret innanfor avdelinga sine rammer. Avdelinga har omlag 20 årsverk, og oppgåver knytt til helsetenester i heimen, praktisk bistand, støttekontakt, avlastning utanfor institusjon og BPA. Heimebasert omsorg er eit stort og krevjande tenesteområde og avdelingsleiar skal bidra til å vidareutvikle tenesta for å kunne gi kommunen sine innbyggjarar eit godt tilbod i dag og i framtida. Stillinga inngår i kommunalsjefen sitt leiarteam.

Arbeidsoppgåver som inngår i stillinga:

  • Drifts- og personalansvar
  • Kvalitet- og utviklingsarbeid
  • Økonomiansvar
  • Sørge for ei forsvarleg teneste
  • Bidra i vurdering og kartlegging for vedtak
  • Bidra med sjukepleiaroppgåver ved behov
  • Internkontroll
  • Arbeidstidsplanlegging
  • Sjukefråværsoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent sjukepleiar 
  • Erfaring frå leiingsrelatert arbeid er ønskeleg, evt vidareutdanning innan leiing
  • Evne til god økonomistyring
  • God IT kompetanse
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Sertifikat kl B
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg leiar som er positiv, trygg og engasjert i rolla
  • Du evnar å motivere og vidareutvikle dine medarbeidarar
  • Du balanserar strategisk tankegang med fokus på dagleg drift
  • Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevne
  • Du er ein lagspelar 
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du er ein problemløysar
  • Du er resultatorientert
     

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stillinga. 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale og villkår jmf. lønspolitisk plan 
  • Nedbetaling av studielån 15% pr år, inntil 28.000
  • Godt og fagleg sterkt miljø med engasjerte medarbeidarar og leiarkollegaer 
  • Fagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 


Vi har fokus på kvalitetsarbeid og forbetring av tenestane.

Kontaktinformasjon

Karoline Lundås, Kommunalsjef for helse og omsorg, +47 90870942

Arbeidsstad

Rådhusvegen 1

6143 Fiskå

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4936603957

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
397626675
Sist endret
13. mars 2025 08:09