Sommar + jobb + vakker natur = Valen! Er du med?  

Arbeidsgiver
Pleiepersonell Valen Sjukehus
Stillingstittel
Pleiepersonell
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kombiner jobb med vakker natur – sommarjobb på Valen! 🌄

Sikkerhet- og rehabiliteringspost, og sikkerhetspost Valen søkjer sommarvikarar frå og med veke 26 til og med veke 33. Kan du jobbe fleire veker i strekk? Perfekt!

Vi leitar etter deg som:

  • er hjelpepleiar, helsefagarbeidar eller miljøarbeidar
  • er sjukepleiestudent, medisinarstudent eller assistent med pleieerfaring

For å oppretthalde samansetninga i personalgruppa vert menn oppmoda om å søkje.

Vi tilbyr: Bustad for deg som kjem langvegs fra.

Etter arbeidstid kan du utforske området – til dømes båtturar, fjellturar og andre aktivitetar i den vakre naturen rundt Valen.

Er du klar for ein sommar du aldri gløymer? Vi behandlar søknadar fortløpande -søk allereie no!

Sjå livet på sjukehuset og den spektakulære naturen på YouTube!


Kva går jobben ut på?

  • Pasientoppfølging
  • Vere til stades for pasientane og bidra til at dei kjenner seg trygge
  • Miljøtilrettelegging
  • Du arbeider tett med anna helsepersonell for å gje ein heilskapeleg omsorg for pasientane

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert helsefagarbeider/ hjelpepleiar eller student innan sjukepleie/medisin/helsefag. 
  • Det er ein fordel med erfaring frå sjukehus- og pleie.
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. 

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • minimum er fyllt eller fyller 20 år
  • setter pasientens behov først
  • er oppteken av god pasientbehandling
  • ser etter gode løysningar
  • er ansvarleg og sjølgåande
  • set pris på å samarbeide med kollegaer

Kvifor skal du velje oss?

  • Trygg start - Du får opplæringsvakter før du begynner, så du er godt førebudd.
  • Fleksibilitet - Vi finn ei stillingsstørrelse som passar for deg.
  • Du er aldri aleine - Gode kollegare stiller opp for deg.
  • Variasjon i kvardagen - Du får jobbe med ulike oppgåver, så ingen dagar er like.
  • God stemning på jobb – Vi har eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Angelica Hovland, Rådgiver, +47 52732067, angelica.fjereide.hovland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 26

5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4936890492

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 30.03.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sjukehusvegen 26, 5451 Valen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
397634734
Sist endret
19. mars 2025 07:04