Postdoktor innan 2D/3D geodynamisk modellering av vulkansk margindanning
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Postdoktor innan 2D/3D geodynamisk modellering av vulkansk margindanning
- Frist
- 01.06.2025
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=vtJLmcUJ3-wPostdoktorstilling
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor innan 2D/3D geodynamisk modellering av vulkansk margindanning. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år og knytt til det NFR-finansierte prosjektet Paleogene Basin Development on the Vøring and Møre Margins | PALMAR.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Prosjektet vil fokusere på å forstå kva som styrer dei romlege og tidsmessige variasjonane i magmatisk utslepp under danninga av dei vulkanske rifta marginane i Nord-Atlanteren ved bruk av 2D og 3D numerisk framovermodellering, seismiske data og data innhenta under IODP-ekspedisjon 396 "Mid Norwegian Margin Magmatism and Paleoclimate Implications". Forskninga vil involvere:
- 2D-modellering av vulkansk margindanning for å forstå den relative betydninga av marginstruktur, mantelsamansetning og termiske anomalier i mantelen på mengde og fordeling av magmatisk tilskot.
- 2D geodynamisk modellprediksjon av samansetninga av mantelsmelter og samsvar med observert samansetning for å avgrense smelteforhold.
- 3D-modellering av margindanning knytt til mantelsmelting for å teste korleis 3D-marginstruktur styrer smeltefordeling.
- Integrasjon av observasjonsbegrensningar frå dei vulkanske marginane i Nord-Atlanteren med framover 2D og 3D dynamiske modellar av passiv margindanning for å forstå sedimentbassengutvikling, topografisk utvikling og naturen til den distale marginen langs vulkanske marginar.
- Samarbeid med prosjektpartnarar ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Aarhus.
- Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar.
- Produksjon av skriftlege rapportar og publisering av resultat i fagfellevurderte geovitskaplege tidsskrift.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor tektonikk/geodynamikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Bakgrunn og forskingsinteresse innan kvantitativ tektonisk modellering og kvantitativ geovitskap er eit krav.
- Bakgrunn og forskingsinteresse innan rifta passive marginar og langtidstektonikk er eit krav.
- Dokumentert evne til å presentere og publisere forskingsresultat på eit internasjonalt nivå, samt bevist forskingspotensiale gjennom publisert forskingsarbeid og ein tydeleg forskingsplan, er eit krav.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha evne til å samarbeide med andre.
- Søkjarar må ha gode ferdigheiter i munnleg og skriftleg engelsk.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. 10 % av arbeidstida kan brukast på aktivitetar knytt til undervisning, formidling og kommunikasjon ved Institutt for geovitskap. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden
Vi kan tilby:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr 624 500. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- ein forskingsplan som skisserer forskingsinteresser og framtidige forskingsretningar.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar.
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
- eventuelle publikasjonar.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Ritske Huismans, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, e-post: Ritske.Huismans@uib.no
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Mathilde Høgalmen, mathilde.hogalmen@uib.no .
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allégaten 41, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 397643502
- Sist endret
- 13. mars 2025 09:22
Mer som dette

