
Vil du vere med å utvikle vår skule?
- Arbeidsgiver
- Hjartdal kommune Sauland skule
- Stillingstittel
- Lærar Sauland skule
- Frist
- 31.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Sauland skule søker etter lærar.
Elevane på skulen skildrar deg slik:
“Du er snill og morosam! Du lyttar til forslaga våre og på kva vi har å seie. Det gjer oss trygge. Er du kreativ og tek med praktiske oppgåver i undervisinga, blir vi kjempeglade!”
Vi har ledige lærarstillingar, med høve for fast tilsetjing.
Dette tilbyr vi deg:
Gode folk rundt deg.
Som lærar er du ein superhelt! Glade barn og engasjerte kollegaer møter du kvar dag på jobb som lærar hos oss.
Du får rom for sjølvstende og kreative løysningar.
Du får planlegge og gjennomføre opplæring og evaluere undervising. Vårt mål er å leggje til rette for inkluderande undervising for alle elevane.
Og hugs! Kollegaene dine er gode samarbeidspartnarar. Ver derfor ikkje redd for å huke tak i ein kollega for litt sparring.
Du får jobbe på ein ny og moderne skule.
Legg noko av undervisinga til vårt flotte skulebibliotek. Dette er ein møteplass der elevane får inspirasjon og lyst til å lære!
Skulen er «dysleksivenleg skule».
Visste du forresten at Hjartdal er ein kommune med MOT?
På skulen jobbar du, kollegaene dine og elevane med:
- MOT til å leve: Vere seg sjølv, leie seg sjølv, ha passion, akseptere at ein ikkje alltid er bra.
- MOT til å bry seg: skape godkjensle hos andre, vise respekt, vise kjærleik, vise omsorg for dei som er utanfor.
- MOT til å seie nei: prioritere, stå for eigne verdiar, våge å seie ifrå, praktisere tøff kjærleik.
Vi har ein fin visjon for oppvekst i vår kommune. «Vi trivast, lærer og har MOT til å gå saman.»
Vi trur dette er deg!
Vi trur du er eit varmt menneske
Du legg inn ein innsats for å skape ein god relasjon til elevar, føresette og kollegaer.
Du har eit sterkt engasjement og ambisjonar for elevane.
Som ein trygg og tydeleg klasseleiar hjelper du elevane til sosial og fagleg utvikling. Du strebar etter at elevane skal oppleve tryggleik, trivsel og meistring.
Du trivast i eit aktivt miljø.
På skulen kan det bli litt armar og bein. Vi lovar deg mange smil og latter!
Du er fleksibel.
Du er løysingsorientert og har evne til å tilpasse undervising for alle elevar.
Dine kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning/pedagogisk utdanning for arbeid i skulen.
- Det er ein fordel med god IKT-kompetanse og erfaring i bruk av læringsbrett og læringsappar i det pedagogiske arbeidet.
- God skriftleg og munnleg kompetanse.
- Personleg eignaheit tillegast stor vekt
Det er ønskjeleg med kompetanse og/eller erfaring frå eitt eller følgjande område
- Relasjonar elev-elev og elev-vaksne.
- Inkluderande miljø og samhandling.
- Veiledning (både foreldrerettleiing og rettleiing av tilsette) som grunnlag for godt samarbeid og likeverdig samhandling.
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer spesialpedagog/støttepedagog som:
- Har vilje til å ta utgangspunkt i behovet til eleven og organiseringa av skulekvardagen.
- Har evne til å inspirera og motivera andre.
- Arbeider systematisk og strukturert.
- Arbeider sjølvstendig og har gode samarbeidsevner.
- Er inkluderande i arbeidet sitt, spesielt i utvikling av gode relasjonar med elev, foreldre og medarbeidarar.
- Er fleksibel og endringsvillig.
Vi tilbyr
Her er litt ekstra informasjon som er greitt å vere klar over:
- Prøvetida di er på 6 månadar. Du blir godt kjent med oss, og vi blir godt kjent med deg!
- Du får gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Du blir tilsett basert på gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
- Blir du kalla inn til intervju? Vi gleder oss til å prate med deg!
Men du - hugs å ta med ein kopi av vitnemål og attestar. - Skal du bli tilsett, må du vere personleg egna for stillinga.
Så kva seier du? Vil du jobbe hos oss?
No manglar det berre å sende ein søknad og CV. Den sendast elektronisk.
Søknadsfrist:
Har du nokre spørsmål? Vi svarar deg gjerne på det du lurar på!
Kontakt rektor, Anne Gro Solli, på tlf. 414 42 688.
e-post: anne.gro.solli@hjartdal.kommune.no
Du kan bli ført opp på offentleg søkjarliste sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli det. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, blir du varsla om dette, jf. Offentleglova § 25.
Er du annonsør eller del av bemanningsbyrå? Takk for interessa, men vi ønskjer ikkje å bli kontakta.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Saulandsvegen 543, 3692 Sauland
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 397770340
- Sist endret
- 14. mars 2025 07:48
Mer som dette

