Lærar ved Eidsdal og Valldal skule 

Arbeidsgiver
Oppvekst og kultur Fjord kommune
Stillingstittel
Lærar ved Eidsdal og Valldal skule
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fjord kommune har fleire ledige stillingar som lærar ved Eidsdal og Valldal skule.

Valldal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Vi ligg lokalisert i Syltemoa, tett under Syltefjellet, i Valldal sentrum. Skulen har rundt 130 elevar som kjem frå bygdene Valldal, Fjørå, Tafjord og Liabygda. Det er gode fasilitetar både inne og ute. Skulen vert leia av rektor, inspektør og ein i merkantil drift skule og SFO. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn.  

Eidsdal skule er ein kombinert barne-/og ungdomskule med elevar frå 1. til og med 10. klasse. I tillegg har vi skulefritidsordning (SFO) for 1.- 4. klasse. Vi ligg lokalisert ca. 1 km frå Eidsdal fergekai. Skulen har rundt 50 elevar som kjem frå bygdene Eidsdal og Norddal. Det er gode fasilitetar både inne og ute. Skulen vert leia av rektor og inspektør. I tillegg 3 teamleiarar på småskule-/mellom- og ungdomstrinn. 

  • Behov Valldal skule: 
    • To (2) faste stillingar der den eine stillinga heilt eller delvis vil vere knytt til vaksenopplæringa
    • Inntil tre (3) årsvikariat
  • Behov Eidsdal skule
    •  Inntil to (2) årsvikariat
    • Eitt (1) 100% halvårsvikariat frå 01.08.25 - 31.12.25

Oppstart frå 01. august og årsvikariata varar frå 01.08.2025 - 31.07.2026

Merk gjerne i søknaden din kvar du ønskjer å arbeide og aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på 1 - 10 årssteg
  • Kontinuerleg oppfølging av elevane si læring
  • Systematisk utvikling av eiga undervisning
  • Tett samarbeid med leiing, kollegaer og føresette
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

    Kvalifikasjonar

    • Godkjent utdanning som grunnskulelærar i 1-7 og/eller 5-10
    • Digital kompetanse 
    • Fjord kommune har nynorsk som målform.
    • Skulen har behov for kandidatar med brei undervisningskompetanse 

      Personlege eigenskapar

      • Er målretta og har erfaring frå utviklingsarbeid
      • Set elevane si læring og trivsel i sentrum
      • Har evne til å motivere og engasjere
      • Positiv, samarbeidsvillig og fagleg dyktig

      Vi tilbyr

      • Lønn i samsvar med garantilønn for HTA i KS 
      • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
      • Gode pensjons- og forsikringsordning
        • Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskot til Statens pensjonskasse.

      Kontaktinformasjon

      Tor Petersen, Rektor Eidsdal skule, 41867861

      Hans Øyvind Lyshaug, Rektor Valldal skule, 41867841

      Arbeidsstad

      Skulebrauta 48

      6210 Valldal

      Nøkkelinformasjon:

      Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune


      Referansenr.: 4939453059

      Stillingsprosent: 100%

      Fast, Vikar

      Startdato: 01.08.2025

      Søknadsfrist: 06.04.2025

      Sektor
      Offentlig
      Antall stillinger
      8
      Sted
      Langereiten 23, 6215 Eidsdal
      Stillingsfunksjon
      Undervisning og pedagogikk
      FINN-kode
      398424061
      Sist endret
      18. mars 2025 09:22