PP-rådgjevar
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- PP-rådgjevar
- Frist
- 08.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Er du ein engasjert pedagog som har barnets beste i fokus og opptatt av å arbeide tverrfagleg for å sikre heilskaplege tenester for barn og unge?
Osterøy kommune søkjer etter 100% fast PP-rådgjevar, med oppstart etter avtale.
PPT er ein del av Familiens hus, som er eit tverrfagleg kommunalt tilbod der du i tillegg til PPT finn tenestene: Barn- og familieteam, Helsestasjon og Barnevern. Familiens hus er lagt til sektor for oppvekst, undervisning og kultur. Målet med Familiens hus er styrking av tilbodet til barn, unge og familiar gjennom auka samhandling mellom tenester til målgruppa. Arbeidet i Familiens hus skal ha fokus på tidleg innsats og barnets beste i sentrum.
I Osterøy PPT arbeider vi førebyggande og nært med våre samarbeidspartnarar med fokus på inkludering. Me er tett på barnehagar og skular, og har organisert oss som kontaktpersonar. Føremålet med denne organiseringa er å komme tidleg inn for å kunne bidra til auka kvaliteten på det ordinære og spesialpedagogiske tilbodet. PPT er ein sentral drøftingspartnar i barnehage og skule. Me samarbeider med barnehage/skule, føresette og barn/elevar knytt til utvikling av gode barnehage- og læringsmiljø som gjeld tryggleik, trivsel, og fremjar eit inkluderande og stimulerande miljø kor alle barn og elevar skal oppleve å bli sett og inkludert. Vår praksis er forskingsbasert og me arbeider systematisk med kompetanse - og organisasjonsutvikling. Me vil i denne rekrutteringsprosessen gjere fortløpande intervju av kvalifiserte søkjarar.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktperson for barnehage/grunnskule
- Konsultasjon og rettleiing til tilsette i barnehage/skule og føresette
- Bistå barnehage/skule i arbeid med kompetanse- og organisasjonsutvikling
- Deltaking i utviklingsarbeid i samarbeid med sektor for Oppvekst
- Tverrfagleg samarbeid
- Utarbeide sakkunnig vurdering Utgreiing/kartlegging
Vi tilbyr
- Tverrfagleg og godt inkluderande arbeidsmiljø
- Rettleiing til nytilsette
- Fleksitidsordning
- Bilavtale
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Osterøy kommune er ei IA- bedrift
Kvalifikasjonskrav
- Utdanning på mastergrad/hovudfagsnivå innan pedagogikk, spesialpedagogikk eller anna relevant master.
- Bachelor kombinert med relevant erfaring kan kompenserast for krav om master
- God kjennskap og erfaring frå undervisning i barnehage og grunnskule
- Rettleiing- og utgreiingskompetanse
- Tilsett må ha førarkort kl. B og disponere eigen bil
Kven er du?
- Gode samarbeidsevner/samhandlingskompetanse
- Evne til relasjonsbygging
- God organisasjons forståing
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
- Robust og god arbeidskapasitet
- Påliteleg og ansvarsbevisst
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevne
- Personleg eigenskapar vert vektlagt
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Rådgivning, Annet
- FINN-kode
- 398460748
- Sist endret
- 18. mars 2025 12:15