Barnehagelærar

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
30.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Haus barnehage ligg i naturskjønne omgjevnader ved Mjeldavatnet i Haus på Osterøy berre 15.min køyretur frå Arna. Langs vatnet ligg barnehagen idyllisk til, og vi har ein unik moglegheit til å følge både årstider og naturens rike liv. Saman med barna opplever vi verda på nytt og det å få utforska fjæra, følge ørna som er næraste nabo, eller kjenne på korleis straumen i vatnet tar oss med på sin ferd gjennom Coasteringen, gjer nettopp vår barnehage til ein heilt unik plass å vera.

Vi har ein fin og variert leikeplass med bålhus, i tillegg til eit skogområde vi disponerer med lavvo på Åsheim. Hit går dei eldste barna regelmessig på tur. Vi ønskjer å bruke dette området i endå større grad i tida som kjem, og det er ein fordel om du er ein pedagog som set spesielt pris på friluftsliv saman med barn.

I Haus barnehage set vi det relasjonelle arbeidet høgt og praktiserer ein autoritativ vaksenrolle kor det å vere ein varm og tydeleg vaksen vert vektlagt. Vi jobbar kontinuerleg med å utvikle oss og utviklingsfokuset den siste tida har vore knytt til leik- og læringsmiljø, bevegelse, leik og utforsking samt livsmeistring og meistringstru.

Barnehagen består av to småbarnsavdelingar og to storbarnsavdelingar med til saman 62 barn og 19 tilsette.

Vi har ledig ein 100% fast barnehagelærarstilling med tiltredelse 4. august, eller etter nærare avtale med leiar, og eit barnehagelærarvikariat frå 23.06.25 - 03.08.26. Spesifiser i søknaden kva stilling du søkjer på.


Arbeidsoppgåver
  • Samarbeide tett med andre pedagogar og delta aktivt i utvikling av vårt pedagogiske tilbod. 
  • Ansvar for å planlegge, leggja til rette, organisere, gjennomføre og evaluere det pedagogiske tilbodet til barna i tråd med Rammeplanen. 
  • Støtte og vere til stades for barn i leik og alvor 
  • Arbeide systematisk for å sikre eit godt og nært foreldresamarbeid. 
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og bidra i kollektiv kompetanseutvikling i barnehagen. 
  • Vere ein god rollemodell og kunne rettleie kollegaer i det pedagogiske arbeidet. 
  • Skriftleg arbeid, til dømes planarbeid og Individuell utviklingsplan for enkeltbarn. 
  • Delta i daglege gjeremål på avdelingane og ha medansvar for samarbeid mellom avdelingane og personalet.

Hos oss får du
  • Moglegheit for fagleg utvikling og tett samarbeid mellom kollegaer 
  • Godt arbeidsmiljø og du blir ein del av ein lærande organisasjon 
  • Dedikerte, engasjerte og positive kollegaer 
  • Ein arbeidsplass med naturen rett utenfor døra 
  • Ein arbeidsstad som er inkluderande arbeidsliv (IA) bedrift

Kvalifikasjonskrav
  • Vi søkjer deg som har bachelorutdanning som barnehagelærar.
  • Har du i tillegg grunnleggande gode datakunnskapar, interessere for språkarbeid, pedagogisk dokumentasjon og utviklingsarbeid, er det gjerne nettopp deg vi ønskjer å kome i kontakt med.
  • Vi ser og at det er naudsynt at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Kven er du?
  • Du er fagleg sterk og evner å setje om planar til praksis. 
  • Du let barna medverke i val av pedagogisk innhald, og er god i leik og samspel med barna.  
  • Du evner å ha overblikk over barnegruppa og skape inkluderande fellesskap. 
  • Du er engasjert og god på å samarbeide og kommunisere med foreldre og kollegaer. 
  • Du bidrar til større fagleg utvikling i heile personalgruppa.  
  • Du er positiv, fleksibel og utprega løysningsorientert. 
  • Du er lojal og bevisst din profesjonelle rolle.
  • Du ser verdien i å nytta naturen i det pedagogiske arbeidet og er glad i friluftsliv uansett vêr. 

Offentleg tenestepensjon

 I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! 

Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar! 

Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg! 


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Votlavegen 31, 5286 Haus
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
398462335
Sist endret
18. mars 2025 02:11