Inspektør Tokke skule
- Arbeidsgiver
- Oppvekst, Tokke kommune
- Stillingstittel
- Inspektør Tokke skule
- Frist
- 25.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Tokke kommune har ledig 100% fast stilling som inspektør på Tokke skule frå 01.08 – 25.
Tokke skule:
1-10 skule med 166 elevar og om lag 23 årsverk for pedagogisk personale.
På skulen arbeider vi kontinuerlig med å skape best mogleg lærings – og utviklingsmiljø der elevane skal oppleve meistring og tryggleik. For å få til dette er vi oppteken av klasseleiing med tydelege vaksne, gode relasjonar, samt fokus på tidleg innsats og tilpassa undervisning.
Tokke skule har uteskule annan kvar fredag for 1. til 7. klasse. Tokke skule skal renoverast/byggast på i 2026/2027.
Arbeidsoppgåver
* Ansvar for fråvær, vikarkabal. * Ansvar for IKT ved skulen. *Organisering av skriftleg eksamen. * Timeplanlegging, arbeidsplanar. * Vera ein tett samarbeidspartnar med rektor i arbeid kring skulemiljø og utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
* Pedagogisk utdanning og undervisningserfaring- erfaring og utdanning innan leiing er ønskjeleg, men ingen krav.
* Gode Ikt – ferdigheitar
Personlege eigenskapar
* Evne til å lede, inspirere og motivere.* Stor arbeidskapasitet og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
* Tar initiativ, jobbar systematisk, er strukturert og tydeleg.
* Lyttande og inkluderande.
* Være innovativ og nytenkande.
* Evne til å skape gode relasjonar til både vaksne og tilsette.
* Positiv, fleksibel og løysningsorientert.
Vi tilbyr
* Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat.
* Ein spanande og variert kvardag saman med flotte vaksne og tilsette.
* Eit godt arbeidsmiljø.
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Kontaktinformasjon
Tone Lunde Skaalen, Kommunalsjef Oppvekst, +47 97171406Arbeidsstad
Storvegen 603880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 4937521930
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storvegen 60, 3880 Dalen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Ledelse
- FINN-kode
- 398563672
- Sist endret
- 19. mars 2025 07:29
Mer som dette


