Helsefagarbeidar avd korttid/rehab/KAD
- Arbeidsgiver
- Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar avd korttid/rehab/KAD
- Frist
- 13.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig helsefagarbeidar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Avdeling for korttid, rehabilitering og KAD (kommunal akutt døgnpost) har tolv pasientplassar. Vi har pasientar med mange diagnoser og komplekse sjukdomsforløp som set krav til god tverrfagleg kompetanse og høg kvalitet i arbeidet vårt. Vi har eit godt fagmiljø med engasjerte og dyktige sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. I avdelinga har vi eit tett samarbeid med lege, fysio og ergo m.fleire.
Vi har ledig ei fast stilling i 50 - 100 % for helsefagarbeidar. Spesifiser i søknaden kva stillingsstorleik du ønskjer.
Dersom det ikkje melder seg søkjarar med utdanning som helsefagarbeidar/hjelpepleiar, vil vi vurdere tilsetting av pleiemedarbeidar.
Snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande.Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
- evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
- har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stilling organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ida Kristin Knutsen Gule, Avdelingsleiar korttid/rehab/KAD, +47 90848835Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4942116065
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 13.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Grandavegen 9, 6823 Sandane
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 399559125
- Sist endret
- 25. mars 2025 08:09