Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
06.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med på laget vårt?

Vi har no ledig stilling som seksjonsleiar ved Sikkerhetspsykiatri SNR. Vi søkjer deg som vil vere med og vidareutvikle sjukehuspsykiatrien i Nordmøre og Romsdal. Du set verdiane kvalitet, tryggleik og respekt i fokus i møte med pasientane. Du bidreg med høg fagleg kvalitet, du kan gje miljøpersonalet fagleg rettleiing og du ynskjer ei pasientbehandling med fokus på frivillegheit, medverknad og redusert bruk av tvang.

Seksjonen er organisert i Avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal, og held til på SNR Hjelset saman med dei andre seksjonene i
avdelinga. Vi driftar 8 døgnplassar og tilbyr spesialisert utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med alvorlege psykiske
lidingar.

Seksjonen vår skal i hovudsak drive med rehabilitering av pasientar med
sikkerhetspsykiatriske problemstillingar som er på tvungen psykisk helsevern §
3-3 og/eller overført til psykisk helsevern på dom § 5-3. Vi har eit tverrfagleg fokus i møte med pasientane sine hjelpebehov. Ivaretaking av samfunnsvern vert vesentleg av omsyn til
rehabiliteringsprosessen. Behandling og rehabilitering skjer i nært samarbeid
med kommune, ambulante tenester og andre aktuelle samarbeidspartnarar.
Seksjonen har ei overlegestilling, LIS, to psykologspesialister og sosionom, tverrfagleg miljøpersonale, helsesekretærar, teamkoordinator
og seksjonsleiar.

Som tilsett hos oss vil du delta i vidareutviklinga av seksjonen og planlegging på heilheitleg innhald i psykiatritilbodet i det nye sjukehuset.
Målet vårt er å gi pasientane ei god og framtidsretta behandling og
helseteneste.


Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar
  • Ansvar for dagleg drift og administrative oppgåver
  • Ansvar for seksjonen sine tenestar og resultat, mellom anna fagleg verksemd, kvalitet, arbeidsmiljø, økonomi- og ressursbruk
  • Bygge relasjonar og møteplassar internt og eksternt for dialog og samhandling
  • Medansvar for avdelinga sine tenestar og resultat
  • Fagansvar og fokus på fagutvikling
  • Vidareutvikling av seksjonen sine tenestar i tråd med overordna føringar
  • Positiv og aktiv deltakar i avdelinga si leiargruppe

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på universitet- eller høgskulenivå
  • Vidareutdanning innan psykiatri er eit krav
  • Erfaring fra sikkerhetspsykiatri er ein fordel
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Du har evne til å motivere høgt kvalifiserte medarbeidarar
  • Du er endringsmotivert og med god gjennomføringsevne
  • Du har gode evner til samarbeid og dialog
  • Du er motivert for å bidra til fagutvikling og endring i organisasjonen
  • Du har evne til å skape engasjement, motivasjon og arbeidsglede for dine tilsette

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

 

Nordmøre og Romsdal!

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Kontaktinformasjon

Line Therese Heggem Lingen, Avdelingssjef, +47 957 07 045, Line.Therese.Heggem.Lingen@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 2

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4937506796

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 06.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
399725510
Sist endret
26. mars 2025 08:05