Tilkallingsvikar - Heimehjelp

Arbeidsgiver
Praktisk bistand, Bygland Kommune
Stillingstittel
Tilkallingsvikar - Heimehjelp
Frist
13.04.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Helse- og omsorgstenesta i Bygland kommune har om lag 50 årsverk. Eininga omfattar mange ulike fagområde som sjukeheim, heimebaserte tenester (open omsorg) habiliteringstenesta, helsestasjon, jordmor, flyktningteneste, psykisk helse og rus, fordelt på 3 avdelingar.

Tenesta har eit leiarteam beståande av kommunalsjef Helse og omsorg, 3 avdelingsleiarar og 1 rådgjevar. Leiarteamet arbeider tett saman på tvers av avdelingane.
Vi har fokus på å arbeide for ein heiltidskultur. Helse og omsorgstenesta i Bygland er i utvikling og vi skal tilpasse oss morgondagens tenestebehov. Vi satsar på systematisk fagutvikling, meistring, velferdsteknologi og tillitsbasert leiing.

Vi søkjer no tilkallingsvikar som heimehjelp. Vil du bidra til at innbyggjarane våre får eit reint og triveleg heimemiljø? Då vil vi høyre frå deg!

Tilsetting vil gjøres fortløpande.

Me tilbyr

  • Ein triveleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver.
  • Moglighet for fagleg og personleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger gjennom KLP.
  • Lønn iht tariff.

Før tilsetjing må det framleggjast gyldig politiattest, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.

Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om at søknaden får fritak frå
offentlegheit. Søkjarar vil varslast dersom oppmodinga ikkje kan imøtekommast (jf. Offentleglova § 25).

Arbeidsoppgaver

  • Reinhald i private heimar og i omsorgsbustadar etter vedtak
  • I hovudsak går arbeidsoppgåvene ut på støvtørking, vask av bad, vask av gulv, støvsuging og sengetøyskift

Kvalifikasjoner

  • Erfaring med reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Gode norskkunnskapar
  • Sjølvstendig, påliteleg og serviceinnstilt
  • Du må ha førekort kl. B og disponere eigen bil

Personlige egenskaper

  • Engasjement og vilje til å gi gode tenester frå kommunen
  • Initiativ
  • Evne til samarbeid
  • Omstillingsdyktig
  • Lærevillug
  • Punktlig og påliteleg
  • Evne til å gi omsorg til dei som treng det

Kontaktinformasjon

Marthe Alvilde Håvorstad Homme, Avdelingsleder Open omsorg, +47 908 15 191, marthe.alvilde.havorstad.homme@bygland.kommune.no

Arbeidssted

Prestlidi 68
4745 Bygland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bygland Kommune

Referansenr.: 4941600073
Stillingsprosent: 0%
Annet

Sektor
Offentlig
Sted
Prestlidi 68, 4745 Bygland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
399781697
Sist endret
27. mars 2025 06:40