Er du helsefagarbeidar og engasjert i eldreomsorg?
- Arbeidsgiver
- Osterøy kommune
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider 100% fast stilling på korttidsavdelinga
- Frist
- 15.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på sju grupper, der tre grupper er for personar med demens, tre grupper er for somatiske pasientar og den siste gruppa er ei korttidsgruppe. Sjukeheimen har eiga natteneste som også har ansvar for heimebuande. Denne aktuelle stillinga er i korttidsavdelinga. Korttidsavdelinga tek imot pasientar som kjem frå sjukehus og skal vidare tilbake til eigen heim eller vidare til andre tenester som t.d. langtidsplass i institusjon. Det er fast tilsette sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i avdelinga. Dei arbeider tett saman med sjukepleiarteamet, sjukeheimslegen og ergo- fysioavdelinga, og dei samarbeider med heimetenesta om pasientar som er felles brukarar av kommunale helsetenester
Stillinga er ledig frå 15 juni 2025 . Dette er ein god moglegheit til å prøve seg i ein spennande jobb i eldreomsorga.
Kven søkjer vi etter?
Vi søkjer etter deg som trivst i lag med eldre! Du som er engasjert, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevner. Du må like å ha ansvar, men bør også like å spele kollegaene dine gode. Du bør evne å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer. Om du er helsefagarbeidar som likar å arbeide med pasienter som er i ein overgangsfase er dette ei god stilling for deg!
Ikkje nøl med å ta kontakt med oss om du lurar på noko!
Vi tilbyr deg
- Ei spanande og gjevande stilling som helsefagarbeidar på korttidsavdelinga
- Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan i planlegginga av årsturnus.
- Turnus med dag- og kveldsvakter. Arbeid kvar 3. helg
- Moglegheit for å lade el- bil mot avgift
- Gode pensjons- og forsikringsvilkår
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på korttidsavdelinga med pleie, personleg oppfølging og rehabilitering/habilitering av pasientane
- Opplæring og utføring av diverse prosedyrer som er aktuelle på avdelinga
- Dokumentasjon i journalsystemet Profil. Me går over til Visma Flyt i starten av 2026
- Tverrfagleg samarbeid med sjukeplaiarar, lege og ergo-/fysioavdelinga
- Samarbeid med heimetenesta om pasientar som skal heim og treng oppfølging
Kvalifikasjonar
- Må ha autorisasjon som helsefagarbeider
- Ha evne til å gjera faglege vurderingar og gjennomføra desse og å utvise godt skjønn
- Vera opptatt av kvalitet og å halde deg fagleg oppdatert
- Om du får tilbod om stillig må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader
- Du er fleksibel, endringsvillig og løysingsorientert
- Du må ha gode samarbeidsevner
- Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk.
- Å vera personleg eigna vil bli vektlagt
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Osterøytunet 3, 5281 Valestrandsfossen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
- FINN-kode
- 399881599
- Sist endret
- 27. mars 2025 11:12