Vil du vera med å forma framtida til barn og unge i Vindafjord?
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Oppvekst
- Stillingstittel
- Fagarbeidarar/assistentar i skulane
- Frist
- 14.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søker engasjerte og omsorgsfulle faharbeidarar/assistentar til skulane i Vindafjord kommune. Hos oss får du moglegheit til å gjera ein forskjell i kvardagen til barn og unge, saman med eit dyktig og inkluderande fagmiljø.
Er du ein person som trivst med å leggje til rette for leik, læring og meistring? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Kva får du jobba med hos oss?
- Du får følgje opp enkeltelevar og klassar i tillegg til å arbeida på SFO.
- Du følgje opp og støtte for gode læringsaktivitetar.
- Du får samarbeide tett med kontaktlærer for gode læringsaktivitetar og overgangar.
- Du legg til rette for trygge og inkluderande aktivitetar i friminuttane.
- Du får vera ein synleg og trygg rollemodell for alle elevar.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller anna relevant kompetanse. Ukvalifiserte kan og bli atuelle.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Må kunne skapa gode relasjonar til elevar, heim og vaksne ved skulen.
- Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildelevar og heil klasse.
- Arbeida saman med kollegaer på skulen for å lage eit godt læringsmiljø for elevane og arbeidsmiljø for dei vaksne.
- Du tar initiativ til kontakt og er god på å byggje relasjonar.
- Du er ein varm og tydeleg vaksen.
- Må kunne skape gode relasjonar til elevar og vaksne på skulen og SFO.
- Me legg stor vekt personleg eignaheit.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 5
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 399892426
- Sist endret
- 27. mars 2025 12:15