Avdelingsleiar mellomtrinnet Eidet skule

Arbeidsgiver
Eidet skule, Haram kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar mellomtrinnet Eidet Skule
Frist
11.04.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du lyst å bli ein del av leiargruppa på Eidet skule i Haram kommune? Vi søkjer etter avdelingsleiar på mellomtrinnet i 100% fast stilling frå 1. august. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med omlag 410 elevar frå 1. til 10. trinn. Oppstart for skulen er i august 2025. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen. 

Skulen si leiargruppe består av rektor, assisterande rektor/avdelingsleiar ungdomstrinnet, avdelingsleiar mellomtrinnet, avdelingsleiar småtrinnet og SFO-leiar.

I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode, og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.


Arbeidsoppgåver

  • Vere ein del av skulen si leiargruppe og leie mellomtrinnsteamet
  • Leie og bidra i pedagogisk utviklingsarbeid gjennom lærande profesjonsfelleskap
  • Ta del i arbeid med elevsaker på individ- og systemnivå
  • Personaloppfølging og rettleie og motivere tilsette
  • Leggje til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
  • Leggje til rette for godt tverrfagleg samarbeid med andre instansar
  • Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
  • Dagleg drift med mellom anna timeplanlegging, vikaransvar, gjennomføring og oppfølging av resultat på kartleggingar/nasjonale prøver
  • Undervisning på trinnet
  • Små og store arbeidsoppgåver som må løysast i kvardagen

Leiargruppa vil fordele oppgåver og ansvarsområde mellom seg og evaluere og justere for best mogleg drift

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring frå grunnskulen
  • Ønskjeleg med påbegynt eller fullført skuleleiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning
  • God kunnskap om læreplan og engasjement for å arbeide med skuleutvikling gjennom å leie og delta i profesjonelle læringsfellesskap
  • God kunnskap og erfaring i systematisk arbeid med klasseleiing, skulemiljøutvikling og Opplæringslova § 12
  • God digital kompetanse både administrativt og gjennom god pedagogisk bruk av IKT med elevane
  • Gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg
  • Den som vert tilsett vil måtte framlegge tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest

Personlege eigenskapar

  • Trygg og påliteleg i rolla som leiar
  • Er ein god relasjonsbyggjar, både med medarbeidarar, elevar og føresette
  • Strukturert, sjølvstendig og god gjennomføringsevne
  • Gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Vere robust, fleksibel og uthaldande i ein hektisk arbeidskvardag
  • Evne til å gjere dei rundt deg gode
  • Du gir elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar

Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ei spanande leiarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
  • Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt
    skulemiljø
  • God pensjonsordning gjennom SPK
  • Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt

Kontaktinformasjon

Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Vatnevegen 41

6265 VATNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune


Referansenr.: 4943305552

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 11.04.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Vatnevegen 41, 6265 Vatne
Stillingsfunksjon
Ledelse, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
400052521
Sist endret
28. mars 2025 09:32