Psykolog m/autorisasjon
- Arbeidsgiver
- Nordfjord psykiatrisenter, Seksjon dag
- Stillingstittel
- Psykolog
- Frist
- 14.04.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Nordfjord psykiatrisenter, seksjon dag, har ledig 100% fast stilling for psykolog med autorisasjon.
Seksjon dag tilbyr poliklinisk behandling til menneske med ulike psykiske lidingar og rusproblematikk.
For å kunne gje eit best mogeleg tilbod, legg vi vekt på å ha tilsette med ulik formell kompetanse og erfaring. Psykiatrisenteret består av tre seksjonar: rus, døgn og dag.
Arbeidsoppgåver
- Vurdering, utgreiing og diagnostisering av pasientar med psykiske lidingar og rusavhengigheit
- Tilby og legge til rette for behandling ut ifrå den einskilde pasient sine behov
- Arbeid i tverrfagleg team og vere behandlingsansvarleg
- Fremje brukarmedverknad
- Samhandling og samarbeid med aktuelle samarbeidspartar i 1.- og 2. linetenesta
- Involvere og følgje opp pårørande
- Delta i utvikling av tenestetilbodet
- Psykologar er saman med legane med i tilsynsordninga for somatiske avdelingar ved Nordfjord sjukehus
- Ein må rekne med reiseverksemd og ambulerande arbeid
- Behandlar i DBT-team
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist/psykolog med norsk autorisasjon
- Klinisk erfaring og/eller interesse for arbeid med rusavhengigheit og psykiske lidingar
- Førarkort klasse B
- DBT-utdanning, evt ønskje om å ta utdanninga
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)
Personlege eigenskapar
- Personleg eigna, pasientorientert
- Interesse, motivasjon og engasjement for fagfeltet
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Evne til å skape gode relasjonar
- Har gode samarbeidsevner og trivast med å jobbe tverrfagleg
- Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
- Evne til å prioriter oppgåver i ein hektisk kvardag
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande avtale
- Triveleg arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og erfarne kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- For ikkje-spesialister, vert det lagt til rette for å fullføre spesialisering
- Etterutdanning
- Bistand til å skaffe bustad, opplys i søknaden ved eventuelt behov for dette
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp
verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning
frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og
kompetanse
Kontaktinformasjon
Børre Taklo, Seksjonsleiar, (+47) 90736303Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4931822423
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.04.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
- FINN-kode
- 400619947
- Sist endret
- 31. mars 2025 12:54
Mer som dette

Holmestrand
Psykolog, eller sykepleier med videreutdanning i psykisk helse /familieterapi
Holmestrand kommune, Barne- og familiesenteret