Avsnittsleiar UEH patrulje
- Arbeidsgiver
- Bergen sentrum politistasjonsdistrikt, Seksjon for patrulje, etterforsking og fø
- Stillingstittel
- Avsnittsleiar UEH patrulje
- Frist
- 28.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, for tida Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, er det ved Bergen sentrum politistasjon ledig vikariat stilling som politioverbetjent (SKO 0287) med funksjon som avsnittsleiar ved UEH patruljeavsnitt 3.
Seksjonen består av 7 avsnitt; 5 patruljeavsnitt inkluderte 3 stk UEH patruljeavsnitt, 1 stk IP 4 patruljeavsnitt og politivakta, Avsnitt for generell etterforsking og Avsnitt for kriminalitetsførebygging.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å organisera den daglege tenesta ved avsnittet, inkludert samhandla med tenesteplanleggjar i GDE Bergen, Askøy og Øygraden (GDE BAØ) ved utarbeiding av bemannings- og arbeidsplanar
- Leder i GDE BAØ etter kontortid
- Ansvarleg for mønstring / utsetjing av mannskapa
- Lede mannskapa til kunnskapsstyrt politiarbeid
- Operativ leiing, inkludert innsatsleiing og aksjonsleiing ved behov
- Aktiv samhandling med andre avsnittsleiarar i GDE BAØ og andre politioperative einingar som opererer i GDE BAØ sitt område, for å sikra felles ressursutnytting
- Personal, HMS- og resultatansvar for eige avsnitt
- Delta i politioperativ teneste ved behov, og gi fagleg rettleiing til tenestepersonar ved avsnittet
- Vere med å utvikla kultur for openheit og likeverd, gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørgja for god og tydeleg kommunikasjon internt og eksternt, mellom samarbeidspartnarar og innbyggjarar
- Aktiv deltaking i seksjonen si leiargruppe, setja i verk og gjennomføra leiargruppa sine avgjerder
- Inneha koordinatorrollen opp mot UEH – leder
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Erfaring frå leiing
- Lang operativ IP3-erfaring og/ eller erfaring frå IP3–aksjonar/oppdrag
- Vere IP3 – godkjent frå 2025
- Fullført UEH grunnkurs frå Politihøgskolen
- Erfaring frå straffesaksetterforsking
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- Kjennskap til systematisk HMS-arbeid
- God kjennskap til oppgåvene og utfordringane i politiet
- God munnleg og skriftleg framføring på norsk og engelsk
- God system- og IT-kompetanse
Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Ønskeleg:
- Relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt
- Leiarutdanning og leiarerfaring er ein fordel
- IP3–fagutdanning og/eller anna operativ leiarutdanning er ein fordel
- UEH aksjonsleiarutdanning frå Politihøgskolen er ein fordel
- Lokal UEH aksjonsleiarutdanning er ein fordel
- Brei politifagleg kompetanse innan operativt politiarbeid og etterforsking er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Motivere og skape resultat i samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Evne til å tenke klart i en hektisk arbeidskvardag, og leie andre gjennom det same
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
- Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (SKO 0287) blir løna, frå lønnstrinn 75/ kr 759.100,- brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr. hovudtariffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.
Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar,
bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi
tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi
innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse
gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i
CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert
statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les mer
på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi
gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf.
Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Saksnr.: 24/253788
Kontaktinformasjon
Ole Bjørn Sveen, Seksjonleiar, 41612886Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidssted
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vest politidistriktReferansenr.: 4880118839
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 28.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Sikkerhet
- FINN-kode
- 380328954
- Sist endret
- 13. nov. 2024 01:36