Helgestillingar

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Frist
09.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søfteland bufellesskap er eit nytt bufellesskap under Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune og vi søkjer deg ønskjer helgestilling.

- omlag 2x 23 % helg (m/langvakter laurdag og søndag).

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester for vaksne i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år.Tenestene består av 9 bufellesskap, ambulerande miljøtenester og 2 dagsenter.

Søfteland bufellesskap ligg flott plassert i etablert bustadområde på Søfteland ca 10 min frå Os sentrum, og skal gje tenester til 6 unge tenestemottakarar.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt vekt på kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
FINN-kode
383870706
Sist endret
06. des. 2024 02:27