Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig ei fast 75% stilling til deg som vil vere med på laget!
Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein spennande arbeidsplass med eit solid fagmiljø, hyggelege og engasjerte kollegaer og med tydeleg fokus på best mogleg pasientbehandling. Vi har i hovudsak kirurgiske, ortopediske, men også gynekologiske pasientar.
Vi samarbeider for at pasientane skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Det er ein arbeidsplass med høgt tempo, mange varierte og spennande utfordringar. Sengeposten har mange ulike diagnosetypar og er ein arbeidsplass som gir høve til kompetanseutvikling på ulike område. Vi har fleire prosjekt med fokus på pasientsikkerheit, simulering og pasientflyt som du vil vere ein naturleg bidragsytar til. Vi har eit trygt og sosialt arbeidsmiljø prega av samhald og humor.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- 3-delt turnus inkludert nattevakter
- Arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg
- Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
- Planlegge og utføre ulike sjukepleieprosedyrer
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
- Sjukepleie til palliative pasientar
- Samhandling med kommunane
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
- Veilederkompetanse kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst
- Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
- Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
- Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
- Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
- Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
- Du medverker til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø
Å vere personleg eigna, og ha fagleg engasjement vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid på tvers av seksjonar i sjukehuset
- Ein inkluderande arbeidsplass med godt samhald
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Amanda Faleide, Kont. seksjonsleder, +47 45833029, amanda.faleide@helse-mr.noArbeidssted
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4892579901
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 385752756
- Sist endret
- 20. des. 2024 12:48