Stipendiat
- Arbeidsgiver
- Medisinsk klinikk, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Stipendiat
- Frist
- 15.03.2025
- Ansettelsesform
- Engasjement
Beskrivelse
Ph.d.-kandidat i molekylærbiologi/funksjonell genomikk
Ved Medisinsk klinikk, Haukeland universitetssjukehus (HUS), er det ledig ei stilling som Ph.d.-kandidat for ein periode på tre (3) år. Stillinga er i prosjektet: "Cytokine autoantibodies reveal monogenic inheritance of endocrine autoimmunity" finansiert av Noregs forskingsråd (NFR). Hovudrettleiar vil vere Professor Anette S. B. Wolff.
Generelt om prosjektet: Ved fleire monogene tilstandar opplever pasientar både hyppige og omfattande infeksjonar (immunsvikt) saman med ulike autoimmune manifestasjonar. Det er viktig å diagnostisere slike tilstandar tidleg, og det er ønskeleg å identifisere underliggande sjukdomsmekanismar. Hypotesen til prosjektet er at slike tilstandar ofte er assosierte med cytokin-autoantistoff i blodet til pasientane. I dette prosjektet vil kandidaten screene biobankar med prøvar frå pasientar med endokrine og/eller immunsviktdiagnosar for autoantistoff mot ulike typar cytokinar, ved bruk av Luminex-teknologi. Positive funn vil føre til at DNA-et til pasienten blir eksom/genom sekvensert, med fokus på sjeldne variantar i immungen. Kandidaten vil karakterisere nye genvariantar funksjonelt i in vitro-cellesystem (kombinert med for eksempel CRISPR/Cas9-modifikasjon av gen) og i primærcelleeksperiment (med spektral flow/mass cytometri, bruk av fosfo-markørar for signalveg-analyse, cellemetabolisme-assay, cytokine-analysar, osv.). Vi vil bruke fleire relevante biobankar, som "Register og biobank for organspesifikke autoimmune sjukdomar (ROAS)" og den nye "Forskningsregister og biobank for immunsvikt Vestland" ved HUS. Vi samarbeider også nasjonalt og internasjonalt med andre biobankar. Deler av prosjektet vil involvere musemodellar for å undersøke mekanismen bak generering av cytokin-autoantistoff ved immunsvikt/autoimmunitet.
PhD-stilling: Ph.d.-stillinga er ei tidsavgrensa stilling. Ingen kan bli tilsett som Ph.d.-kandidat for meir enn ein tidsavgrensa periode ved same institusjon. Du kan heller ikkje bli tilsett i ei Ph.d.-stilling dersom du tidlegare har hatt ei slik stilling ved ein annan institusjon i regionen. Vi understrekar at den suksessrike kandidaten må ha ein relevant mastergrad, og den må vere godkjend av det norske NOKUT-systemet før prosjektstart.
Arbeidsoppgåver
- Ph.d.-kandidaten sine oppgåver vil inkludere "våtlab"-analysar, men det vil vere viktig å vere kjend med R-baserte verktøy for bioinformatikk og statistiske analysar. Særleg genomikk vil vere ein fordel å ha erfaring med. Eksperimenta vil finne stad i moderne laboratoriefasilitetar i Laboratorieblokka på Haukeland campus. I tillegg vil arbeid med forsøksmus og analysar av resultat frå mus inngå. Ph.d.-studenten er forventa å førebu manuskript for publisering. Opplæring i relevante metodar vil bli gitt, og Ph.d.-kandidaten vil ha moglegheit til å delta på nødvendige kurs
- Den tilsette vil arbeide i eit veksande og stimulerande forskingsmiljø i forskingsgruppa "Endokrin medisin" (Haukeland universitetssjukehus/Universitetet i Bergen). Gruppa har fleire fokusområde, og dette prosjektet vil vere ein del av noden leia av Anette S. B. Wolff. Det vil vere forskarar på ulike nivå og med ulik ekspertise i gruppa, og kandidaten vil ha moglegheit til å samarbeide tett med ulike fagfolk i dette translasjonelle prosjektet
Forskarutdanning: Etter tilsetting må Ph.d.-kandidaten søke opptak til Ph.d.-programmet ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen. Den endelege planen for gjennomføring av forskarutdanninga må bli godkjent av Det medisinske fakultet innan tre månader etter at du har starta i stillinga.
Kvalifikasjonar
- Masterutdanning i biomedisin, biostatistikk, bioinformatikk, genomikk, molekylærbiologi, immunologi, medisin (Cand.Med), eller tilsvarande er påkrevd. Masterutdanninga skal helst vere oppnådd ved søkartidspunktet, men kravet er fullføring av graden med minstekrav for karakter C innan 1. juli 2025. Om søkar ikkje har oppnådd mastergrad før dette tidspunktet skal søknaden inkludere eit brev frå hovudrettleiaren som stadfestar at kandidaten er i eit masterløp, at det er svært sannsynleg at han/hun fullfører graden, og at kandidaten er eigna som PhD-student.
- Ved vurderinga vil det bli lagt vekt på interesse og akademisk innsikt i funksjonell genomikk
- Laboratorieerfaring med ulike molekylære og immunologiske teknikkar er eit krav
- Interesse for å bruke datakunnskap til å analysere og tolke genomiske og biologiske data er viktig
- Den suksessrike kandidaten bør helst ha erfaring med musearbeid og/eller ha godkjent FELASA-C (kurs i dyreforsking)
- Kunnskap om R for bioinformatikk-analyse er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å strukturere seg sjølv og arbeide sjølvstendig
- Evne og motivasjon til å fullføre eit PhD-prosjekt
- God skriftleg og munnleg engelsk er påkrevd
- Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn etter Helse Vest sine satsar for Ph.d.-kandidatar
- God pensjons- og forsikringsordningar
- Velferdsordningar i Helse Bergen
- Høgt fagleg nivå
- Gode moglegheiter til å fullføre eit Ph.d.-arbeid
Søknaden må inkludere:
- Eit kort samandrag av relevant kompetanse, erfaring og motivasjon for å søke stillinga
- Attesterte kopiar av vitnemål (høgare utdanning) og relevante sertifikat
- Søkarar med utanlandsk utdanning må legge ved ein attesterte omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom det originale vitnemålet og karakterutskriften ikkje er på eit av desse språka. Søkarar må også legge ved NOKUT si generelle godkjenning av at utdanninga tilsvarer ein norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning
- Ein oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
- Kontaktinformasjon til to personar som kan vere referansar
- Liste over eventuelle vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
Merk at søknader blir vurdert med informasjon og vedlegg knytt til søknaden i Webcruiter når søknadsfristen går ut. Vedlegga må vere på engelsk eller norsk, og eventuelle omsetjingar må vere attesterte. Det er søkarens ansvar å sikre at all informasjon blir sendt inn innan fristen.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anette Susanne Bøe Wolff, Professor, forskar, +47 91623378, Anette.susanne.boe.wolff@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4911563113
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 15.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
- FINN-kode
- 391089800
- Sist endret
- 29. jan. 2025 06:11
Mer som dette
Ph.d. stipendiat til Nasjonalt kompetansemiljø for helsestasjons- og skolehelsetjenesten (NASKO)


Har du lyst til å bli en del av et sterkt juridisk fagmiljø?
