Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen - Vallastova

Arbeidsgiver
Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen- Vallastova
Frist
28.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ørsta kommune er godt i gong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. 
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.

Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar? Ved Ørstaheimen er det, frå dags dato, ledig ei 90 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar, ved avdeling Vallastova. Dette er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø. 

Vi søkjer etter ein fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring.  Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av avdelinga. Som ein del av stillinga vil det vere mogleg at du kan jobbe langvakter på helg, samt fleire helgetimar etter behov. Dette er ei god moglegheit for dei som ønskjer ei meir fleksibel arbeidstid. 

Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.

Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget!  Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass.

Velkomen til oss! 


Arbeidsoppgåver

Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte.

  • Utføre pleie og omsorgsoppgåver, på ein fagleg og etisk måte
  • Fokus på forebygging og støtte under brukarane sine eigne ressursar
  • Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
  • Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
  • Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
  • Veiledning og opplæring av medarbeidarar
  • Oppfølging og implementering av interne rutiner og retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
  • Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
  • Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

Personlege eigenskapar

  • Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
  • Du er utviklingsorientert og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du må ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
  • Du er engasjert og løysingsorientert
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar og omsyn til kontinuitet i avdelinga kan verte vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar. Det vil vere moglegheiter for å jobbe langvakter både i kvardag og helg. 

Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka helgetimar   

Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling 

Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar

Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk 

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju

Dokumentasjon 
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no

Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 6

6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4911482511

Stillingsprosent: 90%

Fast

Søknadsfrist: 28.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
391988147
Sist endret
04. feb. 2025 07:07