Rektor ved Ytre Herøy Ungdomsskule

Arbeidsgiver
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Stillingstittel
Rektor Ytre Herøy Ungdomsskule
Frist
03.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein engasjert og inkluderande leiar som brenn for å skape eit godt læringsmiljø? Vi har ledig stilling som rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule frå 1. august 2025. Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar og har eit sterkt engasjement for elevane si læring og trivsel.
 

Ytre Herøy ungdomsskule har vel 30 tilsette og 250 elevar. Skulen ligg sentralt på Bergsøya – midt i eit pulserande område med kulturhus, badeland, idrettsanlegg, vidaregåande skule, barnehagar, barneskule med meir.

Som rektor vil du leie eit målretta utviklingsarbeid for å fremje læring og trivsel, saman med dyktige tilsette. Kompetansenivået på skulen er høgt, og samhaldet er sterkt. Du tek del i avdelingsleiar grunnskule/PPT si leiargruppe som rapporterar til kommunalsjef kultur og oppvekst.


Arbeidsoppgåver

  • leie skulen slik at du fremjar gode arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette
  • økonomistyring
  • personalleiing
  • HMS og internkontroll
  • dagleg drift
  • pedagogisk utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning innan pedagogikk, gjerne også leiing
  • fleire års erfaring frå grunnskulen, både som lærar og leiar
  • erfaring med å leie utviklingsarbeid
  • tydeleg munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk, internt og eksternt
  • god digital kompetanse
  • god økonomiforståing

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

Ein leiar som:

  • er god på relasjonsleiing og oppteken av relasjonar mellom elevar, tilsette og heimar
  • er god på samhandling, men er også sjølvstendig
  • har eit positivt og reflektert elevsyn
  • ser verdien av tverrfagleg samhandling rundt eleven
  • er samlande og tydeleg
  • er fleksibel og kan gå inn i det breie spekteret av oppgåver som hamnar under rektor sitt ansvar 
  • er systematisk og effektiv
  • har engasjement for å sikre elevar og tilsette eit godt arbeids- og læringsmiljø

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.

Vi tilbyr

  • ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
  • eit støttande leiarfellesskap med høve til læring og utvikling
  • ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422

Arbeidsstad

Lisjebøvegen 14

6091 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune


Referansenr.: 4914192761

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2025

Søknadsfrist: 03.03.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
392041143
Sist endret
04. feb. 2025 07:21