Einingsleiar helse
- Arbeidsgiver
- Høyanger kommune Tenesteområde helse og omsorg
- Frist
- 23.02.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Høyanger kommune har ei nyoppretta stilling som einingsleiar for helse. Eininga helse omfattar fysioterapi- og ergoterapitenesta, legetenesta og helsestasjon, skulehelse- og jordmortenesta.
Vi søkjer ein leiar som er nytenkjande og løysingsorientert. Som einingsleiar blir du ein del av leiargruppa til kommunalsjef for helse og omsorg, og du vil aktivt samhandle med andre einingar i kommunen. Vi ynskjer ein person med fagleg tryggleik, evne til nytenking og initiativ, som gjennom godt leiarskap bidreg til å utvikle eit positivt og framtidsretta arbeidsmiljø.
Ansvar og mynde
• Ha overordna ansvar for all aktivitet i eininga.
• Samarbeide tett med andre tenester for å sikre heilskapleg drift og utvikling av tenestene.
• Ha overordna ansvar for økonomi og budsjett, og leggje til rette for optimal ressursbruk.
• Ha personalansvar for dei tilsette i eininga.
Arbeidsoppgåver
• Organisere og prioritere eininga sine tenester og aktivitetar i samsvar med planar og vedtak i Høyanger kommune.
• Sikre effektiv bruk av tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
• Ha overordna ansvar for sakshandsaming knytt til tenestetilbodet.
• Sikre kvalitet i eininga sitt arbeid gjennom tydelege rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar samt internkontroll.
• Utarbeide budsjettframlegg for eininga si totale verksemd og sikre at kommunen sine rutinar for budsjettarbeid og rapportering vert følgde.
• Delta aktivt i utviklingsarbeid.
Kompetansekrav
- Relevant høgskuleutdanning
- Relevant leiarerfaring
- Førarkort kl B
Ønska kvalifikasjonar
• Lang og relevant realkompetanse innan leiing kan kompensere for manglande formell utdanning.
• Erfaring frå helse- og omsorgssektoren, samt god kjennskap til relevante lovverk og økonomistyring.
• Målretta, strukturert og ryddig, med evne til å ta initiativ til nye arbeidsmåtar, system og rutinar.
• Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt sterk relasjonskompetanse.
• Engasjert og nytenkjande.
• Evne til å motivere og engasjere tilsette.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetjing.
Vi kan tilby
• Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver.
• Konkurransedyktig lønn.
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ mot bindingstid.
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad.
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storgata, 6993 Høyanger
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Helsepersonell
- FINN-kode
- 392294901
- Sist endret
- 06. feb. 2025 07:26
Mer som dette
