Noklus - Laboratorierådgjevar

Arbeidsgiver
Lab, medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Stillingstittel
Laboratorierådgjevar
Frist
26.02.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer bioingeniør til nye og spennande faglege utfordringar.

Helse Førde har ledig 100% fast stilling som laboratorierådgjevar i Noklus.

Noklus arbeider for at medisinske laboratorieundersøkingar blir rekvirert, utført og tolka riktig i samsvar med pasienten sine behov for utgreiing, behandling og oppfølging. Sjå www.noklus.no.  

Organisatorisk er stillinga knytt til Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Helse Førde, og har avdelingssjef som nærmaste leiar. Arbeidet som laboratorierådgjevar i Noklus er utfordrande, spennande og inneber mellom anna planlegging og organisering av kurs i laboratoriearbeid. Stillinga har stor grad av sjølvstendig arbeid med store moglegheiter for utvikling og eit nært samarbeid med kollegaer over heile landet.

Startdato 01.05.2025 eller etter avtale.


Arbeidsoppgåver

  • Stillinga vil i hovudsak innebere opplæring og rettleiing i laboratoriearbeid utanfor sjukehus
  • Stillinga krev stor grad av sjølvstendig arbeid, og ein må rekne med ein del reiser og bruk av bil
  • Stillinga inneber stor kontakt med andre yrkesgrupper, og eit inspirerande, landsomfattande samarbeid i Noklus

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør
  • Relevant erfaring frå laboratorium i spesialist- eller primærhelsetenesta
  • Det vert lagt vekt på evne til fleksibilitet, samarbeidsvilje, sjølvstendig arbeid og stå-på-vilje.
  • Beherske norsk med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Erfaring med opplæring og rettleiing
  • Kunnskap i bruk av IT-verktøy som tekstbehandling og presentasjonsprogram
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsvillig med gode kommunikasjonsevner
  • Handlings- og løysingsorientert
  • Imøtekommande og serviceinnstilt
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta med arbeidsoppgåver
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Opplæringsprogram internt i organisasjonen
  • Stillinga er ei dagstilling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, +47 918 25 148

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde


Referansenr.: 4917968035

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.05.2025

Søknadsfrist: 26.02.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Helsepersonell / Bioingeniør
FINN-kode
393337697
Sist endret
12. feb. 2025 02:28