ID 980 Varabrannsjef 100 % stilling i Fitjar brann og redning

Arbeidsgiver
Fitjar Kommune
Stillingstittel
Varabrannsjef
Frist
09.03.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye varabrannsjef?

Fitjar brann og redning består av brannsjef, varabrannsjef og omlag 18 brannkonstablar i deltidsstillingar.

Stillinga som varabrannsjef er ei nyoppretta stilling, og me søkjer etter ein motivert og engasjert person som kan fylla oppgåvene i stillinga. Stillinga er spanande, omfattande og gjer moglegheiter for fagleg og personleg utvikling. Saman med brannsjef, skal varabrannsjef sikra at Fitjar brann og redning held eit fagleg høgt nivå gjennom trening, øvingar og kontinuerleg forbetring.

Stillinga er fast stedfortredar for brannsjef og skal inngå som innsatsleiar brann (overordna vaktberedskap). Den rette kandidaten må difor fylla kompetansekrav til beredskap og innsatstid, samt vere busett i tilfredsstillande avstand.

Kva går stillinga ut på?

  • Oppgåver knytt til beredskap og brannførebyggjande arbeid

  • Delta i utarbeiding og vedlikehald av planverk slik som: objekt- og innsatsplanar, øvings- og vaktplanar og anna operativt planverk

  • Oppgåver knytt til dagleg drift, herunder sikre at utstyr og materiell til ei kvar tid er operativt

  • Inngå i overordna vaktberedskap (innsatsleiar brann)

  • Gjennomføra og evaluera øvingar i lag med mannskap, utrykkingsleiarar og brannsjef

  • Oppfølging og rettleiing av brannmannskapet

  • Sikra brannførebyggjande informasjons- og motivasjonsarbeid

  • Tilsyn og oppfølging av særskilde brannobjekt

  • Aktivt delta i arbeidet med å implementera og kvalitetssikra HMT-rutinar, avviksoppfølging og evaluering av hendingar

  • Sakshandsaming innan fagområdet

  • Førebyggjande arbeid og tilsyn innan forureining og farleg stoff

  • Bidra inn i samfunnsikkerheit- og beredskapsarbeidet i kommunen

  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga ut frå søkjar sin kompetanse

Kvalifikasjonar:

  • Kvalifikasjoner enten som leder av forebyggendearbeidet eller som leder av beredskapsarbeidet, jfr. brann- og redningsvesenforskriften § 42 eller § 43.

  • Førarkort klasse C

  • Relevant erfaring fra brann eller andre operative yrker som politi, helse, forsvaret

  • Ha god fysisk helse

  • Gode kommunikasjonsevner, munnleg og skriftleg

  • Gode datakunnskapar

Ønska kvalifikasjonar:

  • Leiarerfaring

  • Utrykkingssertifikat kode 160

  • Kompetanse som innsatsleiar brann

  • Kompetanse som utrykkingsleiar deltid

  • Kunnskap og erfaring med risikovurderingar, prosjektarbeid og sakshandsaming

  • Kunnskap og erfaring med HMT-arbeid

  • Kunnskap og erfaring innan brannførebygging, undervisning, opplæring

  • Kunnskap og erfaring med kompetanse- og organisasjonsutvikling

  • Kunnskap og erfaring frå arbeid med forureiningssaker iht forureiningsforskrifta

  • Praktisk anlagt og kan bidra med førebyggande vedlikehald av køyretøy og utstyr

Søkjar som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava må forplikte seg til å ta manglande tilleggsutdanning etter tilsetting. Dersom søkjar ikkje har klasse C sertifikat må denne forplikta seg å ta og kosta dette sjølv innan eit år etter tilsetjing.

Tilsetjing i brann- og redningsvesenet krev uttømmande politiattest og tilfredsstillande vandel, jf. brann og eksplosjonsvernloven § 18.

Personlege eigenskapar

Me ønskjer oss ein tydeleg, motivert og handlekraftig leiar med operativ forståing. Me har behov for at du:

  • Har god evne til å leia, motivera, involvera og inkludera

  • Er strukturert, har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne

  • Har gode samarbeidseigenskapar

  • Er utviklingsorientert og tør å tenke nytt og utfordre etablerte ordningar

  • Du har gode analytiske eigenskapar og tar reflekterte val

  • Du taklar høgt arbeidspress og stressande situasjonar

Som varabrannsjef er verdiar og haldningar du har i møte med andre sentralt, og personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Kvifor skal du velja oss?

Blir du motivert og engasjert av å arbeida med samfunnsoppdraget til brann og redning? Ønskjer du å vera med å forma framtidas brann og redningsvesen? Då trur me at du vil trivast hos oss! Me er oppteken av det samla samfunnsoppdraget til tenesta og har stort fokus på korleis me kan utøva oppdraget vårt til det beste for samfunnet.

Du vil få spennande og varierte utfordringar med moglegheit for å bidra til utforming av eigen stilling.

Tilsetjing hos oss gjer deg medlemskap i KLP - Kommunal landspensjonskasse. Det betyr blant anna at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Norge, samt høve til å søkja om bustadlån, forsikring og andre banktenester i KLP med gunstige vilkår.

Fitjar kommune er ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

Du blir tilsett som varabrannsjef i stillingskode 7004 (arbeidsleiar med særaldersgrense), og ligg lønsplassert i kapittel 3.4.3 med årleg lønsjustering lokalt.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, lyt det spesifiserast i søknaden og grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Me ber om at vitnemål og relevante kursbevis blir lagt til søknaden.

Kontaktperson: Brannsjef, Trond Helge Søreide

E-postadresse: trosor@fitjar.kommune.no

Telefonnummer: 90785949

Sektor
Offentlig
Sted
5419 Fitjar
Stillingsfunksjon
Sikkerhet, Annet, Brannvern
FINN-kode
393439959
Sist endret
13. feb. 2025 01:06