Ønskjer du å gjere ein forskjell? Bli rettleiar i Nav Suldal!
- Arbeidsgiver
- Nav Suldal
- Stillingstittel
- Veileder
- Frist
- 03.03.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Nav Suldal søkjer ein engasjert medarbeidar som kan hjelpe menneske på vegen mot arbeid og aktivitet. Stillinga er fast 50%.
Som rettleiar i Nav Suldal vil du ha ei sentral rolle i å jobbe med arbeidsavklaringspengar (AAP) og oppfølging av sjukemelde, med særleg fokus på arbeid og aktivitet. Du vil halde dialogmøte med sjukemelde, legar og arbeidsgjevarar, og kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid. Du vil også engasjere til deltaking i arbeid og aktivitet, og utarbeide arbeidsevnevurderingar og aktivitetsplanar. Noko reising må påreknast, det er ein fordel om du har førarkort klasse B og disponerer eigen bil.
Vi ser etter deg som har erfaring med, eller ønskjer å jobbe utadretta mot arbeidsgjevarar, og som gjerne kjenner det lokale arbeidsmarknaden.
Er du klar for å ta fatt på ein spennande og meiningsfull jobb i Nav Suldal? Då gler vi oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Halda dialogmøte med den sjukemelde, lege og arbeidsgjevar.
- Kartleggje den einskilde sine ressursar og moglegheiter med mål om arbeid.
- Informere om, og engasjere til deltaking i arbeid og aktivitet.
- Utarbeide arbeidsevnevurderingar og aktivitetsplanar.
- Samarbeide med arbeidsgjevarar og andre aktørar, inkludert løyse rekrutteringsoppdrag.
- Saksbehandle etter kommunalt og statleg lovverk.
- Rettleie i jobb- og informasjonssenter.
- Aktivt delta i kontoret sitt LEAN-arbeid.
- Administrative oppgåver ved behov.
Nav er i stadig endring og utvikling, og andre arbeidsoppgåver og ansvarsområde kan bli aktuelle.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Fullført utdanning tilsvarande bachelor. Utdanning innan helse/sosial, velferdsfag, samfunnsfag og pedagogikk vil bli føretrekt. Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Gode digitale ferdigheiter, inkludert god kompetanse på Office 365.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg (minimum B2).
- Erfaring med direkte rettleiing av menneske i vanskelege livssituasjonar.
Det er ønskjeleg at du har:
- Erfaring med saksbehandling og lovanvendelse.
- Erfaring frå liknande oppgåver i Nav - kontor.
- Kjennskap til det lokale arbeidsmarknaden, samt erfaring i å jobbe mot arbeidsgjevarar.
- Førarkort klasse B og disponerer eigen bil.
Personlege eigenskapar
For å kunne trivast og oppleve meistring i denne stillinga, er det særleg viktig at du har desse personlege eigenskapane:
- Nettverksbyggande/relasjonsbyggar: Du kommuniserer aktivt med menneske både i og utanfor organisasjonen. Du oppsøkjer andre for å utvikle nye relasjonar og ivaretek eksisterande.
- Samarbeid med andre: Du deler informasjon og ekspertise for å oppnå teamresultat, og viser oppriktig interesse for andre og deira bekymringar.
- Planleggjar og strukturerar: God på planlegging og struktur, samt har evne til å drifte eigen arbeidskvardag.
- Motstandsdyktig/pågangsmot: Du handterer dei daglege utfordringane i arbeidet på ein tilpassingsdyktig og trygg måte, og er positiv sjølv i krevjande situasjonar.
- Resultatorientert: Du fokuserer på å oppnå fastsette mål og resultat, og gir ikkje opp sjølv om ting nokre gonger tek tid.
Personlege eigenskapar vert vektlagt sterkt. Det vil bli gjennomført DNV-GL-sertifisert MAP personlegdomstest i rekrutteringsprosessen.
Vi tilbyr
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde.
- Eit godt arbeidsmiljø prega av engasjerte og kunnskapsrike kollegaer.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens Pensjonskasse (SPK).
- Fast stilling plassert i stillingskode 1434 Rådgjevar, med årslønn frå kr. 560.000-625.000.
Les meir om Nav som arbeidsgjevar på nav.no
Vitnemål, attestar og tilsvarande må leggjast ved søknaden elektronisk på søknadstidspunktet. Utlendske utdanningsgrader må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Birkeland, Leder Nav Sauda og Suldal, 92251603, anne.birkeland@nav.noArbeidssted
Gata 224230 Sand
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4918686779
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 03.03.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Gata 22, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Rådgivning, Konsulent, Saksbehandler
- FINN-kode
- 394098389
- Sist endret
- 18. feb. 2025 06:47
Mer som dette
Nav Nittedal søker deg som vil jobbe med oppfølging og saksbehandling innen sosiale tjenester

